Finnøy IL

Historie

Historie

Finnøy Idrettslag vart stifta 21. juni 1945 med Tor Huse Sveinsborg som første formann.                                           

                                     .

                                      Tor Huse Sveinsborg(1923 - 1997)

                                         Stiftar og første formann i F.I.L.

 

Friidrett.

Den første idrettsgreina som Finnøy Idrettslag kom i gang med var friidrett. Alt på første styremøte vart det vedteke å starta med trening på Lauvsnes skule to gonger i veka.

Øvingane som gjekk igjen var 100 m, høgde, lengde og kule. Mangel på utstyr og kunnskap vart kompensert av stor entusiasme.

 

Fotball.

Ikkje lenge etter friidretten hadde kome i gang, starta Finnøy Idrettslag også med fotball.

Den første plassen det vart sparka fotball på var ei ekre på prestegarden. Denne var så liten og ujamn at det bare var trening som kunne foregå her.

Dei strenge reglane som presten hadde lagt på aktiviteten her, virka nok òg hemmande.

I 1947 flytta fotballen til ei mark på Spanne. Denne var så stor at det òg var råd å spela kampar her.

Rundt 1950 flytta fotballen til Lundarmyrå på vestsida av Finnøy. Dette vart heimebanen heilt til Leikvoll opna i 1959.

 

Handball.

Alt første året etter at idrettslaget vart starta, begynte jentene å spela handball. Handball vart då spela på same banane som fotball, og vart også spela nokså likt fotball.

Fotball- og handballaga reiste ofte saman og hadde kamp mot same motstandar.Men snart utvikla handballen seg mot det spelet me kjenner i dag.

Det vart krav om asfaltbane og seinare innandørshall, som Finnøy ikkje hadde, og handballen vart lagt ned.

FINNØY IL
LEIKVOLL
4160, FINNØY

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift